Historia til Ole Skjelten - Takk til Tante Jorunn

Ole Skjelten 1878 - 1956.  «Skjelt - Ole».   Skjelten

Ole Jonas vart fødd 17. september 1878 på garden Skjelten i Haram kommune, og var den yngste av dei tre gutane til Helene Jakobsdtr. og Johan Iversen Hildre.

Helene var dotter til brukarane på garden, Jakob Mortenson og Helene Johansdotter Bjørnøy som hadde to døtre, Helene og Berte. Den eldste skulle ta over garden slik skikken var.

Johan frå Ivergarden på Hildre, gifta seg med Helene i 1873. Søstera Berte gifta seg med Iver Andreas Knutsen, «Stor-Iver», Alvestad, og busette seg i nabogarden, Vikja, siste garden på Skjelten og Haram på grensa til Gamlemshaug i gamle Borgund kommune.

Farfar til Helene og Berte, tidlegare brukar av garden, Morten Villumsen, døydde 1.02. i 1873, 82 år gamal. Helene og Johan gifta seg 15. juni same år. Dei hadde Petter Iversen og Jakob Mortensen som forlovarar. 31 år gamle etablerte dei seg på Skjelte-garden der Jakob Mortenson og Helene Bjørnøy no vart kårfolk, og etterkvart besteforeldre til tre gutungar, Jakob, Iver og Ole.

Johan hadde part i småskøyte og dreiv fiske i tillegg til gardsdrifta.

Han hadde tidlegare budd heime på Ivergarden på Hildre der han hjelpte broren Petter med gardsdrifta der. Dei to brørne hadde båt i lag, ein åttring, og om vintrane heldt dei til i Ullahamaren der dei hadde eiga rorbu. Når fiskeri-tida var over, begynte Petter med våronn, og Johan reiste til Trondheim og til fjordbygdene på handelsturar. Han hadde då med fiskeprodukt som vart selt eller bytt i bruksvarer som never, bark, tretjøre og trevirke. Varene lagra han i Iver-naustet og hadde handelsturar til Ålesund der det var særleg rift om tretjøra. Han tente seg såleis mange skillingar som det vart dalar av. Det er fortalt at han hadde ein bestemt sum som skulle inn på bankboka ved årsskiftet. Dette svikta med to dalar eit år, og Petter tilbydde han å få låne desse pengane til fiskeriet begynte. Brørne var svært nøysame og forstod kor viktig det var å kunne ha handlingsrom og kjøpekraft. Det var svært sterkt samhald mellom dei livet ut, noko som også spegla seg av på borna deira som treivst godt i lag.

Johan fekk god bruk for dei oppsparte midlane sine då han flytta til Skjelten. Husa her var dårlege og heller ikkje gjeldfrie, Etterkvart vart det forandring på dette. Garden vart gjeldfri, det kom opp ny løe og seinare stovehus.

Odelsguten, Jakob Elias Martinus kom til verda 22. mars 1874. Tvillingsøstera hans, Marie Jakobine døydde kort tid etter fødselen og vart heimedøypt av jordmora, Ane Fauske.

Jakob fekk same namnet som bestefaren på garden, noko som var vanleg den tida. Det er litt spesielt at han fekk Elias som mellomnamn, men truleg er dette ei avleiing av namnet på bestemora, Helene. Etter dialekta den tida vart dette uttalt elina ettersom halvemålet sløyfa oftast h framom vokalar, så Elias etter Elina kan vere greitt. Martinus er nok etter gamlekaren på garden, Morten frå Jensgarden på Grytastranda som gifta seg med gardajenta Helene Jakobsdotter i 1817.

Iver Olaus vart fødd 19. august 1876. Han var oppkalla etter besteforeldra på Hildre, Iver og Olave.

To år seinare, 17. september 1878, vart tredje guten fødd. Han fekk namnet Ole Jonas. Vanskeleg å nemne noko om oppkalling her, men det kan vere etter foreldra sjølve, Jonas etter Johan og Ole etter Ole Bjørnøy, bestefar til Helene.

I juni 1885 døydde Helene av tuberkulose eller tæring som det står i kyrkjeboka. Dette var ein svært smittsam lungeinfeksjon som ein ikkje hadde hjelpemidlar for denne tida. Seinare vart det sanatoriumopphald og vaksine. Framover til midten av neste århundre døydde det omlag ein kvart million menneske i Noreg av denne sjukdommen.

Helene vart gravlagd ved Haram kyrkje, og ei svært høg og fin steinstøtte står på kyrkjegarden der.

Ole var berre sju år gammal då mora døydde, Iver og Jakob var ni og elleve. Det var nok godt for dei å ha besteforeldre og Berte-moste i nærleiken.

Eit lite apropos til dette ordet moste i staden for tante. Ettersom ho var søster til mor vart ho kalla moste(r) og mannen hennar var då mostemann. Søster til far var faste(r) og fastemann.

Ein hadde uttrykka morbror og morbrorkone, farbror og farbrorkone. Det var vanleg å bruke desse orda i denne slekta også for seinare generasjonar.

Johan gifta seg opp igjen med Karoline Rogne frå Skuløya i 1886. Rett etter ho var konfirmert flytta ho til Ura/Støene som tenestestejente. Ho hadde ei søster som budde der, på garden Gjerdet, med etterkvart sju born, og ho tente hos henne til ho gifta seg 36 år gammal. Johan var då 44 år. 1. januar 1892 vart dotter deira, Helene, fødd. Også mor til Karoline heitte Helene, så dette namnet vart naturleg å bruke. Karoline var flink å veve, og ho var ofte ute hos søster si der dei hadde oppe vev og samarbeidde om renning, treing og spoling. Helene var mykje i lag med mor si i dette arbeidet.

Sjå årboka for 2015 frå Haram kultoriske lag: Utdrag av dagboka til Ludvik Uri som Karolina var tante til.

Dei tre gutane på Skjelten var nok aktivt med i arbeidet på garden når dei ikkje var på skulen på Hurla. Her var det Knut L. Korsnes frå Hildre som var lærar denne tida. Skulen var todelt, så det var undervisning annakvar dag 9 - 12 veker i året. Korsnes hadde gått på lærarskulen i Volda og såleis fått pedagogisk utdanning, noko som ikkje var sjølvsagt for lærarane denne tida.

Ungdomstid

Førebuinga til konfirmasjonen var i prestegarden på Kjærstad, Lepsøya, og sjølve konfirmasjonen var i kyrkja på Austnes, Haramsøya. Ole vart konfirmert 17. september i 1893, 15 år gamal. Han ville gjerne lære seg eit handverk, og begynte i snikkarlære hos orgelbyggar Ludvik Vestre på Haramsøya. Året før hadde Vestre levert eit såkalla orgelharmonium til Haramskyrkja. Etter ei tid på Austnes tok Ole eit kurs ved folkehøgskulen på Voss Seinare var han eit år hos orgelbyggar Torkildsen i Trondheim. Etterkvart ville han begynne for seg sjølv, og i 1900, 22 år gamal, leigde han rom til ein liten verkstad i Hanskjellaren på Hildre der han fekk drivkraft frå eit kvernfall. Denne tida vart det vanleg å bruke kvennkallane til maling, saging og tresking. Mange nytta dei til drift av forskjellige apparat som før hadde vore drive med handemakt. Nokre hadde til og med begynt å kople til dynamoar for å få straum til lys og kraft.

Dette var interessant og spennande, men med lite kapital måtte det tenast pengar. Ole laga sjølv trekonstruksjonane til dei maskinane han hadde bruk for, utstyr av jarn måtte i stor grad kjøpast.

Han vart då næraste nabo til søskenbarnet sitt, Bernt P. Hildre, som dreiv å laga forsyn, fiskevegn, i Iverkjellaren. Bernt hadde blitt strekt skada i eit uhell med steinskyting i 1895 der han fekk skade på nevane sine og miste eine auge. Det andre auge var også sterkt skada, men han berga gangsynet, og etterkvart fekk han til å lese og skrive. Ein god ven i Ålesund sette han på tanken om å slå forsyn, noko som var nødvendig til torske- og bankliner. Han fekk tak i ei forsynmaskin som han sette opp i kjellaren til broren på Hildre, og han fekk god avsetnad på produkta sine.

Ole og Bernt treivst godt i lag, og etterkvart vart det til at Ole arbeidde meir med fiskeutstyr enn med snikkararbeid. Det vart sagt at dei to var svært like på mange måtar, men planlegging var Bernt si sterke side medan Ole var den som handla og fekk gjort noko med sakene.

I 1903 gjekk dei to i lag om å sette opp ei fabrikkbygning i osen til Hildreelva.

Dei fekk installert ein liten dynamo med drift frå overfallshjulet, og i 1909 kunne bedrifta ta i bruk elektrisk lys som den første i Haram.

Same tida som Bernt starta opp med forsyn-produksjonen, la Sunnmøre Telefonlag linje frå Tennfjord og utover Hildrestranda. Bernt fekk stasjonshaldet og første stasjonen var i Ivergarden. Den vart seinare flytta til Osen.

Størreplanar

Dei var ikkje fornøgde med å hamneforholda på Hildre, og vassføringa i elva var ujamn.

Iver kom så heim etter 5 år som farmar i Amerika, og tenkte slå seg ilag med Bernt og Ole på fabrikken. Han hadde gått i målarlære og bakarlære tidlegare, hadde bakeri på heimegarden sin i to år før har reiste ut. Sjølv om det gjekk bra med farmen han hadde fått ordna seg, så ville han helst vere i heimbygda slik at han kunne få møte igjen ei kjekk jente, ho Anna frå Nilsgarden på Hildre.

Bernt og Ole fekk god avsetnad på fiskevegnprodukta sine, så det såg ut til at det var framtid for slik fabrikkdrift. Men så var det dette at det skulle ha vore betre hamn og betre kraftnett, og dei tre karane begynte å tenkje på om det kunne finnast ein laglegare stad. Dei såg på Hildre- elva lenger oppe i dalen og på Alvestadelva, men fann ingen stad med skikkeleg god vassføring.

Dette fann dei i Synnalandselva etter ein tur opp Hildredalen til Hesten, vidare til Hestevatnet, over Kvennhusskaret og ned til Vågen og Samfjorden.

Her var det også fint for ei hamn, og det var kort veg til skipsleia. Dei drøfta saka med Bernt, og han støtta fullt opp. Dermed var det jobba med grunnkjøp i Vågen med mykje papirarbeid og jobbing med å skaffe midlar. Namnet Brattvåg vart laga, og foreldre og søsken hjelpe til med økonomien. Skulle bankane låne ut pengar, måtte det vere med pant i fast eigendom. Dermed var broren Jakob og brørne til Bernt villig til å satse, og foreldra deira måtte dermed skrive frå seg kårytinga, dåverande form for alderstrygd.

Ekteskap

Ole gifta seg 1910 med Josefine Dorothea Hurlen, fødd 2. august 1883, fem år yngre enn han. Ho var den eldste av dei elleve borna til Bernt Johansen og Anna Pedersdatter. Første tida dei var gifte budde dei på Fjørtofta. Dei flytta dei til Myrane, Hurlen, truleg våren 1889 då Josefine var 5-6 år, og tok namn etter garden slik skikken var den tida. Josefine var ofte hos bestemor si på Fjørtofta. Seinare var ho nok mest på Hurlen. Etter folkeskuletida hadde ho lyst å gå meir på skule, og sjølv om det ikkje var så enkelt, så gjekk ho eit år på folkehøgskulen i Ørsta. Ho tok så lavere lærarprøve ved lærarskulen i Volda i 1903, noko som var grunnlaget for å få fast tilsetjing i «småskolen på landet». Det var berre i dei yngste klassane at kvinner kunne få arbeide som lærarar denne tida. Året etter vart ho tilsett på Hurla skule i Haram. Jobben på Hurlaskulen hadde ho til ho gifta seg med Ole og dei busette seg på fiskevegnfabrikken i Osen på Hildre. Her hadde dei det første elektriske anlegget på desse kantar. Etter folketeljinga frå 1910 bodde dei der, og det står at Josefine då var fiskevegnarbeidar. Også far og fire av søskena til Josefine hadde arbeidet sitt på fabrikken etter som det går fram av denne folketeljinga.

Iver gifta seg med Anna same året som Ole og Josefine, i 1910, og begge bryllupa vart feira på fabrikken i Osen. Eldstebroren deira, Jakob, hadde gifta seg tilegare med Helene frå Lauka, så på Skjeltegarden vaks det opp ein ny generasjon med tre gutar og ei jente: Johan, Sevrin, Anna og Andreas. Sevrin fortel at han var seks år då han var i dei to brudlaupa, og han hugsar at det var blanda fruktekstrakt i fine sinkbøtter og dei fekk drikke alt dei berre ville og orka.

Anna og Iver flytta til Vågen 1912 som dei første fastboande. Det var ikkje køyrbar veg dit, så eit lite hus vart laga for lafting på Hildre i eit naust som liggande plankar, frakta med båt og sett opp der «Grønehuset» står i dag.

Bjørnevik

Ein kar som var med å flytta Anna, Iver og veslejenta Helga til Brattvåg etter at det vesle huset var oppsett der, var mekanikar på fiskevegnfabrikken, Knut Bjørnevik. Han var fødd i 1880 i Bjørnevika over fjorden for Valle på sørsida av Storfjorden. Han hadde også vore i Amerika i fem år der han hadde jobba som mekanikar og reparatør på eit stort sagbruk. I 1915 vart fabrikken flytta til Brattvåg, og Knut hadde ansvaret for flytting og montering av maskinene. Han hadde tidlegare laga dei nye snøre- og forsynsmaskiner. Broren Hans var med å rodde flyttelasset til Vågen. Han skal ha sagt at han Iver-Bernt, han ser for lyst på det, og han Skjelte-Johan, han ser for mørkt på det. Hans kom til Hildre i lag med Knut. Etterkvart starta brørne for seg sjølve i lag med ein tredje bror, Henrik. Dei sette seg opp ei smie i Brattvåg, og var kjende for svært godt smearbeid.

Knut gifta seg med Helene, søster til Ole og Iver, i 1916. Dei bygde seg hus i nærleiken av husa til Ole og Iver og fekk seg to småjenter, Anne og Klara. Alt såg så godt ut for dei, men lukka vart ikkje langvarig. Helene døydde brått, 27. mars 1920, truleg av lungebetennelse, fire år etter giftarmålet. Ho vart gravlagd på Hildre rett bak gravene til foreldra. Anne og Klara var då 4 og 1 år gamle.

Josefine og Ole adopterte Klara, og Anne vaks opp hos faren som gifta seg igjen ti år seinare med Anna Rogne frå Skuløya.

Flytting, husbygging og oppstart av skule.

Josefine og Ole bygde seg hus og flytta til Brattvåg frå Hildre i 1915. Fiskevegnfabrikken vart sett i drift i Brattvåg same året, og Ole vart leiar for arbeidet der.

Fabrikkbygninga på Hildre vart selt til Møre Garnfabrikk ved Petra og Pit Hildre i 1914. Dei hadde tidlegare etablert seg med farm i Amerika og kom heim ein tur med borna sine. Men 1. verdskrigen starta opp, og dei kom seg ikkje tilbake. Dei fann ein måte å ordne seg på med både bolig og arbeid i Hildreosen. I 1948 overtok Ragna og Einar Reiten huset. Må nemne at Sevrin Skjelten gifta seg med Pearl, dotter til Petra og Pit, og ein generasjon seinare gifta son til Ragna og Johan Skjelten seg med Aase til Ragna og Einar. Det var han Olav Jostein, oppattkalla etter Ole og Josefine.

Fabrikken i Brattvåg vart starta opp i 1915 med Ole som driftstyrar og disponent.

Josefine og Ole hadde ikkje born sjølve, så det var nok greitt for dei å få ta seg av vesle Klara.

I 1918 var det 10 skulepliktige born i Brattvåg, og det vart søkt om å få eigen småskuleklasse.

Slik det no var måtte ungane gå til skulen på Alvestad, noko som var langt og ofte verhardt. Foreldra baud seg til å halde fritt hus, oppvarming og reinhald på skulen, Dei kunne også betale halve lærarlønna for kommunen, og dei ville skaffe utdanna lærar eller lærarinne til skulen dersom ingen av dei andre lærarane i kommunen ville ta på seg undervisninga. Søknaden vart innvilga, og Josefine vart tilsett som lærarinne. Skuletida var 12 veker per år og ordninga varte i tre år. I 1921 var talet på skuleborn kome opp i 25, og det vart vedteke at Brattvåg skulle vere eigen skulekrins. Skulen fekk to klasser og Josefine vart fast tilsett. Småskulen var i eit rom mot nord i siderommet til telefonstasjonen, noko som var svært forstyrrande. Etter jul same året vart skulen flytta til kjellaren til Josefine og Ole og hadde tilhald der i 5-6 år. Første skulehuset vart ferdig i 1925 då det var 23 huseigarar som sjølve kosta huset med leikeplass utan utlegg for kommunen.

Første barnetoget i bygda var 17. mai 1919 gjennom Sætrevegen mot Synnalandsvatnet, og første julefesten var same året i kjellaren til Helene og Knut Bjørnevik.

Lagsarbeid og kommunestyre

Josefine starta opp eit barnelosjelag i 1919 som ho var leiar av i lang tid. Ho heldt fram med undervisning til Klara begynte på skulen. Så vart det husmorarbeid på full tid, noko som sikkert var kjærkome for Ole som engasjerte seg så sterkt i fabrikkdrift og samfunnsliv. Ho var aktivt med i lag og organisasjonar, slik som m.a. Norske Kvinners Sanitetsforening, Helselaget for Brattvåg og Hildrestranda, Ytre Sjømannsmisjon si kvinneforening og kvinnelaget Skuleforeninga som arbeidde for å skaffe verdfulle ting til skulen. Ho var også med i kvinneforeninga som arbeidde med å samle inn pengar til kyrkjebygging i Brattvåg.

Ettersom det etterkvart vart tilgang på energi og kai i Brattvåg, vart det interesse for fleire industribedrifter, og eit bygdesamfunn begynte å etablere seg. Det måtte til ei organisering, og Ole engasjerte seg sterkt i dette arbeidet. Vågens Kraftverk vart endra til Brattvåg Kraftverk i 1916.

Dette året vart Ole valt inn i kommunestyret for Haram, og var der sammanhengande til 1946 med unnatak av krigsåra, i heile åtte periodar. I ni av desse åra var han ordførar. Han var venstremann og avholdsmann heile livet, og han gjorde opptaket til første foreninga i Brattvåg, losje «Vågheim».

Som ordførar var han med i fylkestinget som fram til 1919 vart kalla Romdals Amt og frå 1919 til 1935 Møre fylke. Han hadde god kontakt med fylkesmennene Oddmund Vik,1904-1928, og Olav Oksvik,1945 og1952-1958 som begge også hadde periodar i storting og regjering og hadde dermed gode kontaktar. Josefine og Ole heldt eit gjestfritt hus som tilreisende politikarar hadde stor nytte og glede av både for overnatting og traktering. Ettersom det var sterk interesse denne tida for utbygging av kraftverk og samferdsel som grunnlag for ulike industrianlegg, fekk Ole god anledning til å legge fram saker både han og andre samfunnsengasjerte var interesserte i.

Veg til Brattvåg

Dette med vegtilknyting utover mot Hildrestanda var det vanskeleg å få kommunen med på, men etter 5 år var vegen frå «Børsen» til Synnaland ferdig ettersom Brattvåg Kraftverk tok på seg å betale rentene på forsotteringa. Samtidig vart også gata som i dag vert kalla Skjelt-Ole bakken bygd, i tida 1914 - 16. Samfjordvegen fram til Vatne grense var ferdig i september 1924. Då bad Bernt Hildre og at kommunestyret måtte legge møtet sitt til Brattvåg for å få sjå vegen.

Vegen vidare innover mot Håvik og Remme var ikkje klar før ca 1938.

Først i 1954 vart Remmetunnellen opna. I mellomtida hadde L.L. Hildrestrandi sørga for sjøvegs samferdsle mellom Hellandshamn, Brattvåg, Hildre, Skjelten og Ålesund med båtane «Hildre» og «Brattvåg».

Kyrkjeplanlegging

Sommaren 1916 begynte båten også å gå til Kjærstad på Lepsøya med «lesarborna». Skulle ein bli konfirmert, måtte ein møte opp på prestegarden der for å få «gå for presten», og gudstenestene med konfirmasjon, dåp og gravferd var i kyrkje på Austnes på Haramsøya. Bernt m,fl. tok opp og fekk innvilga at bedehuset på Hildre kunne brukast til konfirmantundervisning, og soknepresten i Haram skulle halde fire gudstenester der i året. Første gudstenesta var 18. juli 1926. Men huset var nok i minste laget ettersom det vart stadig fleire familiar som busette seg i Brattvåg og ungeflokkane kunne vere store. Det kunne vere 10-12 dåpsborn ved ei gudsteneste, og det vart arbeidd for å få bygge kyrkje på Hildre. Brattvågfolket ville ha kyrkja på Synnaland eller Alvestad, men brørne Bernt og Iver Hildre gav tomt på Haugneset, så der var Hildre Kapell oppført. Ordførar Ole sa ein gong i Kyrkjedepartementet at ein lyt jage ut kyrkjelyden når fadrarane skal inn!

Han var med i byggenemnda, og kapellet vart innvigd 10. mai 1934.

Etterkvart vart det arbeidd med eigen kyrkje i Brattvåg, noko Ole gjorde opptaket til. Dei siste åra han levde gjekk han sterkt inn for å samle byggefond til ei komande kyrkje.

Lutlaget Hildrestrandi

Det var mjølkeleverandørar på Hildrestranda som tok initiativ til dette laget, og dei la fram spørsmålet om hjelp for organisering til Ole. Han vart svært interessert og tok straks til med forarbeidet. 19. februar 1916 var det oppstartsmøte på Hildre bedehus med Ole som møteleiar, og han vart vald til styreformann dei tre første åra. Han var også sterkt engasjert i lag med broren Jakob og nokre naboar for bygginga av kaia på Skjelten.

Veg til Ålesund

Dette med tanken på tunnellbygginga gjennom Remmefjellet for å betre på vegen til Ålesund, vart lansert av Ole, og vegsjefen tilrådde ei slik løysing. I 1930 vart saka lagt fram både for fylkestinget og for dei tilstøytande kommunane som på den tida var Haram, Vatne og Borgund. Alle var positive til planen, løyvingar vart gitt og arbeidet oppstarta. Men det tok si tid med økonomisk nedgangstid i 30-åra og mykje av vegbygging som nødsarbeid. Så kom 2. verdskrigen og hindra alt arbeid, og ein fekk i tillegg store problem med tunnellinnslaget. Det vert fortalt at Skjelt-Ole var den første som kraup igjennom holet i fjellet den dagen siste salva var avfyrt og ein kunne sjå inn til den andre sida, truleg i 1952. I 1954 vart vegen og tunnellen endeleg ferdig, og opninga var ved fylkesmann Olav Oksvik, som var ein god venn av Ole.

Landtes minste bygningskommune

Alt i 1918 vart det søkt om å få gjort bygningslova gjeldande for Brattvåg, og arbeidet med regulering og kartlegging vart sett i gang. 14.april 1919 var søknaden godkjend ved Kongeleg resolusjon, og med 15 bolighus og 10 verksamder vart Brattvåg minste bygningskommunen i landet. Det vart så valt eit bygningskommunestyre med Skjelt-Ole som formann.

Distriktslegeplassering

Etterkvart var det krav om at distriktslegen skulle bu i Brattvåg i staden for på Haramsøya, men kommunen hadde ikkje økonomi til å bygge bustad og kontor. Ole vart oppfordra om å å ta seg av saka, og i 1927 var det skipingsmøte for «LL Doktorheimen» der det møtte 45 mann frå Hildrestranda, Brattvåg, Samfjord og Skår. «LL Hildrestrandi» gjekk sterkt inn i dette, og i 1929 var huset ferdig. Ole vart styreformann for laget heilt til han døydde. Området for ein distrektslege den tida var like stort som tidlegare Haram kommune, og skyssbåten «Kjell» til «By-Johan» var i flittig bruk. Ein båt som kom seinare heitte forresten «Coronan», eit kjent ord i vår tid.

Medverknad i tiltak

I tillegg til Hildre Fiskevegnfabrikk og Brattvåg Krafverk så hadde Ole, Iver og Bernt ein finger med ved etableringa av tiltak som var oppstarta etterkvart, t.d. slik som m.a. Brattvåg Guanomølle i 1913, Sunnmøre Jodfabrikk 1913, Brattvåg tønnefabrikk 1915, ishavsskutene «Polartind» 1917 og «Brattvaag» 1923, trelastfirmaet Hildre og Skjelten 1912, Hildre Grynmylne 1916, Brattvåg Slip 1914, Brattvåg Margarinfabrikk 1933 og Fabrikkenes Handelslag AS (Børsen) 1917.

Når det galt Børsen var dåverande bedrifter involvert for at det skulle vere husrom for tilreisande arbeidarar, men her var også møterom, butikk, bakeri. Etterkvart vart delar bortleigd til sjølvstendig næringsdrivande. Laget vart avvikla i 1932, og trygdelaget Fram tok over bygget ettersom dei hadde gitt lån. I 1941 løyste Ole ut trygdelaget og selde til AS Handelshuset, seinare Brattvåg Samvirkelag. Bror til Josefine, Bernhard Hurlen, styrde Hildre Grynmylne i lag med Andreas Hildremyr til 1921. Då vart Andreas tilsett som styrar for Kraftverket og Bernhard dreiv Mylna i åra framover. Bernt, sonen til Bernhard, var styrmann på rutebåten DS«Eira». Han var ein av dei 16 drepte då båten vart bomba av britiske fly 24. oktober 1944 på veg frå Kjerstad til Skjelten.

Fleire i huset

Foreldra til Josefine og Bernhard, Anna og Bernt Hurlen på «Myrane», selde garden sin til Johan Løken, bror til bestemor mi, Helene på Skjelten, sommaren1922. Dei budde først hos sonen Bernhard i Brattvåg, men flytta seinare til Josefine og Ole. Bernt døydde plutseleg langfredag 1932. Anna var då på besøk hos sonen, Sigurd, som var lærar på Ona. Neste år, då ho på nytt var på Ona, døydde ho brått 17. mai. Dei er gravlagde på Hildre.

Seinare budde søskena til Josefine, Anna (1901- 1967) og Peder( 1887- 1959), i kjellaren til Josefine og Ole. Peder hadde farm i Canada 1910 -1922. Etter eit år heime drog han til Amerika igjen og dreiv ei tid med fiskeri på vestkysten. Anna hadde industriskule og var handarbeidslærarinne i Brattvåg. Begge var ugifte. Dei er gravlagde i Brattvåg.

Skomakaren Aksel Holmem hadde verkstad i kjellaren til Josefine og Ole frå ca.1930 og utover til han bygde seg hus sjølv i Instevågen.

Ingolf Garshol var frå Ulsteinvik og kom til Brattvåg i 1947. Han hadde merkantil utdanning til liks med Klara. Dei to gifta seg og busette seg hos Josefine og Ole. Ingolf arbeidde først som lagersjef på fiskevegnfabrikken, men kjøpte margarinfabrikken då denne vart til sals. I 1954 bygde han ny fabrikk med eiga kai framføre. Produksjonen vart utvida med fisk, fiskemat og utleige av frysebokser siste halvdel av femtitalet. Dette, saman med margarinproduksjonen, vart drive framover til han slutta i 1969. Fabrikkanlegget vart då selt til Rognefisk.

«Fiskevegna»

Ved oppstartinga i Brattvåg hadde fiskevegnfabrikken 7 halvautomatiske forsynmaskiner og 14 snøremaskiner. 11 år etterflyttinga utvida dei for å få plass til garnmaskiner, men desse vart for dyre og det tok tid for å kunne skaffe slike. Dei fekk plass for eit lite lager og og ein lite butikk der dei selde eigne produkt og anna fiskeriutstyr.

I 1930 hadde bedrifta fått nok pengar til å satse på produksjon av garn og not. Det var spennande om dette kunne gå, men etterspørselen var stor ei tid framover før det hardna det til og vart vanskeleg midt på 30-talet. Dei heldt det gåande, og det vart satsa på ei ny utviding. I 1939 døydde Bernt. Året etter kom krigen så utvidingsplanane vart skrinlagde. Magnus Skjelten og Einar Reiten fekk i oppgåve å bygge om garnmaskinene slik at ein fekk ein elektromaskin på kvar maskin i staden for at berre ein motor skulle drifte alle. Dei gjorde godt arbeid, og maskinene var i bruk mange år etter at krigen slutta.

Ole merka etterkvart alderen, og at han burde overlate leiinga til andre. I 1948, då selskapet var 45 år, overlet han disponentansvaret til brorsonen Andreas, yngste sonen til Helene og Jakob på Skjelten. Fabrikkstyrar var Magnus, son til Anna og Iver, og styreformann vart Bernt Hildrestrand, barnebarnet til Hildre-Bernt. Den planlagde utvidinga vart i 1952, og året etter kunne fabrikken feire 50-års jubileum. Då vart det halde stor fest med Ole som heidersgjest.

Bygdebokarbeid og slektsgransking

Sjølv om han hadde trekt seg frå styringa på fabrikken, var han dagleg å sjå der. Han hadde sitt eige kontor der han heldt på med sitt. Han hadde teke på seg å fortsette med å skaffe stoff til ei bygdebok for Haram då han var sterkt i interessert i historie. I 1941 kom ham med i ei kommunal nemnd som skulle få utarbeidd bygdebok og skaffe midlar til gjennomføringa. Dei tenkte det skulle bli tre bøker. Den første vart skriven av Martinus Rogne og kom ut i 1947. Ole kjende til mange som heldt på med bygdesoger og slektsgransking, og han samla mykje stoff både om si eiga slekt og om slekta til Josefine. Med grunnlag i innsamlinga hans så gav seinare Sigurd Hurlen ut eit hefte om slekta til Anna og Bernt Hurlen. Sevrin Skjelten laga til to hefter om fars og om morsslekta si der han brukte mykje av stoffet som Ole hadde samla.


Ole visste kva han ville og kunne vere utruleg sta når han hadde bestemt seg for noko. Ei historie frå krigens dagar kan vise dette. Det hadde blitt måla slagord for konge og fedreland på fleire veggar og dører på fiskevegnfabrikken, og Ole fekk beskjed frå dåverande styresmaker som krevde at dette skulle fjernast. Ole nekta ettersom det ikkje var han som hadde måla det på, så for hans del kunne det berre få stå. Etter fleire truslar vart det stilt han eit ultimatum. Skrivinga kunne få stå dersom det vart måla 96 hakekors rundt om i bygda. Dette vart gjort av nokre ungdommar som passa på å måle på steinar som kunne snuast etterkvart. Han gav beskjed om at dei måtte bruke den billigaste målinga.

Gjennom det aktive livet til Ole så vart han nok ikkje like godt likt av alle, men det ser ut til at han sto på, tok ting etterkvart utan å ta seg så nær. Han hadde sterk helse og sterk vilje og var oppteken av å få til noko. Han var alltid i arbeid med nye planar, nye oppgåver og nye utvegar.

Då han slutta i kommunestyret i 1945, vart han overrekt eit innramma dikt med kunstferdig utforma teikningar og 19 underskrifter som takk for innsatsen i Haram kommune. På fylkestinget i 1951 på Åndalsnes fekk Ole og Iver overrekt Kongens fortenestmedalje i gull for arbeidet sitt.

Ole døydde i heimen sin 6. juni 1956. Femten verksemder i Brattvåg sette opp ei minnetavle av sølv i heimen hans med innskrifta « Til minne og takk for Ole Skjelten sitt grunnleggjande arbeid i og for Brattvåg».

Josefine døydde 23. oktober 1977. Ho fekk oppleve den store utviklinga i Brattvåg, og ho fekk opplever å bli bestemor til ein ny Ole og til Ivar, Liv, Håvard og Ingunn. Ivar døydde i 1955 berre sju år gammal. Eldsteguten fekk namnet Ole Johan etter Ole og Josefine, og tradisjonen med oppattkalling har kanskje gått vidare i generasjonane.

Kjelder:

Johan Alvestad: Soga åt L/L «Hildrestrandi» 1959

Ole og Andreas Skjelten - eit hefte

Hildre Fiskevegnfabrikk A/S 50 år 1953

Sevrin Skjelten: Iverslekta på Hildre 1980

Sevrin Skjelten: Kring dette hjulet vaks bygda fram 1989

Sigurd Hurlen : Slektsregister

Anna og Bernt Hurlens slekt. 1985

Brattvåg 50 år Brattvåg Næringssamskipnad og

Brattvågs Bygningskommune 1961

Lars Hatlehol I solskin og skodde, Brattvåg 75 år 1986

Peter Hove Haram Kyrkjesoge 1975

Reidun Ulstein Dei kom først.

Haram k.hist.lag Skrift nr.27

Anna og Iver Skjelten 1991

Rolf Rørhus Kjensler

Hildre Fiskevegnfabrikk 100 år 2003

Rolv Rørhus Brattvåg 90 år. På tross av 2001

Ingrid Myklebust Skjelten 2011

Brattvåg «ei steinrøys, ein våg og eit vatn»

Johan Kaare Tenfjord Brattvåg 100 år 2011

Takk for opplysningar og rettleiing til Dag Alvestad, Ole Garshol og Jostein Skjelten.


Harøy, 20.06.2020

Jorunn Skjelten