Les meir om 

SkjeltOle-tunet


Gleda over å servere god mat, til eit lystig lag og med innslag av lokalhistore er noko Trond trivast godt med. 

Det har alltid vore ein draum å bygge opp ein liten ete- og overnattingsplass i bygda vi har nærast hjartet. For Trond var Ole Skjelten ikkje nærmare enn bestefars farbror. Men for bygda gjorde han mykje godt. Historia hans er viktig å hugse i framtida.

Ole og kona, Josefine Skjelten, var blant dei fyrste som busatte seg i Brattvågen. Dei var begge svært samfunnsengasjert og med på oppbygging av Bratvåg. Både i skulen, for bygging av infrastruktur og etablering av bygningskommune og etablering av tiltak.

Heile historia til Ole, korleis bygda vaks fram og kvifor Ole er viktig kan du lese om her - eller få fortalt om du tek turen innom for eit måltid.